Forsiden
Artikler
ForsidenArtiklerNyheterStore Skagastølstind (2405 m.o.h.)

Store Skagastølstind (2405 m.o.h.)

Skriv ut
Store Skagastølstind (2405 m.o.h.)12-14.08.2005!
Denne turen krev at du er i god fysisk form.

Storen er kjent som den store utfordringa blant tindane i Jotunheimen og Noreg. Dette er Noregs 3. høgste fjell og det høgaste som krev klatring for å komme til topps. I Storen smeltar utfordringa, myten og manndomsprøven saman til det som for mange er eit mål i livet å greie. Frem til fyrstebestigninga av engelskmannen William Cecil Slingsby i 1876 vart Storen regna som ubestigeleg.


Store Skagastølstind (2405 m.o.h.)
Denne turen krev at du er i god fysisk form.

Storen er kjent som den store utfordringa blant tindane i Jotunheimen og Noreg. Dette er Noregs 3. høgste fjell og det høgaste som krev klatring for å komme til topps. I Storen smeltar utfordringa, myten og manndomsprøven saman til det som for mange er eit mål i livet å greie. Frem til fyrstebestigninga av engelskmannen William Cecil Slingsby i 1876 vart Storen regna som ubestigeleg.

Dei rutene vi brukar i dag er ikkje teknisk vanskelege, men det er eksponert og til tider svært luftig. For å komme til topps må du være i god fysisk form for å kunne gjennomføre ca 1600 høgdemeter og 12-15 timars tur. Den største utfordringa for mange er likevel høgda og den mentale utfordringa det er å gå over smale galleri og klyve 600 meter over Slingsbybreen. Ver merksam på at turen er eksponert for steinsprang. Det krev at du sjølv også er forsiktig med å løyse ut små steinar for ikkje å utsetje andre som er i området for fare. Dersom du har svært avgrensa eller ingen klatreerfaring anbefaler vi sterkt å gjennomføre eit halv dag innføringskurs i klatring på Turtagrø.

Vi startar opp frå Turtagrø (884 m.o.h.) kl. 0600 om morgonen og går turen inn Skagadalen opp til Hytta på bandet (1758 m.o.h.). Dette bruker vi ca. 3 timer på, og da har vi gjort unna 800 høgdemeter. Herfrå vert terrenget brattare og det er fleire passasjar med klyving opp til Hjørnet. På Svaet sikrar vi med tau. På Hjørnet er det luftig og vi reknar at herifrå til toppen er det klatring. Fyrste passasje er Galleriet som går vidare opp til ei hylle. Herifrå går to alternativ vidare; Vigdals Sva og Heftyes Renne. Her er det ca 10 bratte høgdemeter og grad 3-4 klatring. Vidare mot toppen er enkelt. Det er mange ruter til Storen, men desse to alternativa er dei mest brukte. På retur er det ein 40 meter rappell nordvest for ruta du bruker på veg opp som tek deg ned til like ved Hjørnet. Vidare er det retur til Turtagrø same veg. Normalt tidsforbruk 12-15 timar.
Logg inn
Aktuelt
Nyheter
Interim Consulting
Registrer din CV
Upload CV
Referanser
Copyright © ResultatPartner AS 2007, ta kontakt. Utvikling: Assist2net AS | Design: FluidCube Design
Selskapet Artikler Kontakt Prestasjonsforum Referanser Søk Logg inn